Per Stave AS, Lutefisk produksjon
 
Startside
Produksjon
Nytt
Bacalao
Lutefisk
Linker
E-post

 

Norsk Kongelig Lutefisklag

 


Velkommen til Per Stave AS

Godt råstoff vert levert av den lokale kyst- og banklineflåten. Dette vert så gjort til tørrfisk. Tørfisk blir igjen videreforedla til lutefisk.

70% av tørrfisken sender vi til Sverige som råstoff til svenskprodusert lutefisk. 30% av tørrfisken brukar vi som råstoff til egen lutefisk. Den største norske enkeltkunden til bedrifta er Norgesgruppen som sel lutefisk med eigne etikettar.
Rune Stave
Vi har også restaurant- og hotell­kundar der vi prøver å profilere Per Stave som merkenamn for god lutefisk. I ein blindtest i ei marknadsundersøking vi gjorde, viste det seg at del fleste likte lutefisk av lange best. Vi har eit særs godt produkt, og vil satse aktivt for å utnytte det store potensisalet vi meiner hotell og restaurantar representerer.

Per Stave AS er ikke berre lutefiskprodusent. Bedrifta med 10 tilsette er også blant dei største fiskemottaka i Selje kommune.

Det som ikkje går til lutefiskproduksjon vaskar, pakkar og sender vi til ulike kundar. Mellom anna sel og leverer vi fersk fisk frå den lokale kystflåten til Fiskehallen og diverse firma i Oslo.

 
Postboks 24 6750 Stadlandet Tlf. 57857191 Fax. 57857351 Org.nr.936 732 054
Per Stave AS Copyright © 2004, Adligo Web.
rune@perstave.no
Adligo Webutvikling